Nyheter

NSG - Norsk Seniorgolf 2024

Av: Admin  |  Publisert: 24. mars 2024  |  Siste nyheter  |  Arkiv

Er du 50 år eller mer, bli med i Norsk Seniorgolf!

Hei alle eksisterande og komande medlemar av Norsk Seniorgolf (NSG).
 

Fyller du 50  år i 2024 eller er enda meir vaksen, så venta det deg mykje sosial golfaktivitet i 2024 om du er medlem i NSG. 
Eg er klubbkontakt for NSG i Ålesund GK, så lurer du på noko rundt NSG så berre ta kontakt, midt mobil nr er 90010935 og e-post:  staale.eikrem@outlook.com 
 
Den 9.mars var det årsmøte i NSG og her er litt informasjon derfrå:
NSGs visjon er å være Golfglede spreiaren og hovudaktiviteten er å arrangere turneringar! 

NSG skal bygge sin aktivitet for golfglede  på verdiane:
Meistring, Sosial tilhøyrigheit og Helse. 

Årsmøtet bestemte at kontingenten blir uendra på kr. 950,- for 2024. 

Turneringsprogrammet vart  gjennomgått og det blir mange turnerings moglegheiter i år også. 
De aller fleste turneringane er hos klubber på austlandet, men det er også moglegheiter i sør, vest og midt-Noreg som vi er ein del av. 

NSG turneringar i Møre og Romsdal 2024 : 
Rauma 25. mai
Minitour: Kristiansund 31. mai,  Solnør 1, juni og Molde 2. juni
Kristiansund 15. juni
Kristiansund 27. juli
Rauma 3. august
Surnadal 4. august
Solnør 10. august
Molde 11.august
I tillegg skal vi arrangere lag NM 2. div på Solnør for region Midt/nord 31.august og 1. september. 

Heile turneringslista er lagt ut på NSGs heimeside. Påmelding i GB. 
 
Lagserie Match har påmeldingsfrist 31.mars.  Ålesund GK  har meldt på 2 lag i mix klassa, vi er no 18 spelarar som har stilt seg disponible til ein eller fleire matchar. 
Lagleiarar/kapteinar er Lars Ivar Grindvik og Ståle Eikrem som vil sette saman 2 lag, og dei som har meldt si interesse vil få vite kva lag dei skal spele på. 
Oppdaterte turneringsreglar med mindre justeringar er tilgjengeleg på NSGs heimesider. 
Du  finner meir informasjon lojalitetskort og alt annet om NSG på heimesidene:www.seniorgolf.no 
Med ynskje om ein god og triveleg golf sesong.

Helsing  
Ståle Eikrem Klubbkontakt for NSG i Ålesund Golfklubb 
mobil nr er 90010935
e-post:  staale.eikrem@outlook.com